Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny
Legg til produkter i huskelisten, og få den tilsendt på e-post
Foto: John Petter Reinertsen
Med innreiing meiner vi kjøkken-, baderoms- og garderobeinnreiing. Slik innreiing kan innehalde mange av verstingstoffa.
Desse stoffa vil i liten grad leke ut frå produktet under bruk, men kan sleppe ut i miljøet ved produksjon eller dersom ikkje produktet blir levert til forsvarleg avfallsbehandling etter bruk.
I tillegg til verstingstoffa, kan ein også finne det allergifremkallande stoffet formaldehyd i enkelte av platene som produkta er laga av.
Svane- og Blomemerka innreiingar tek omsyn både til helse og miljø ved at dei inneheld minst mogeleg helse- og miljøskadelege stoff, gir mindre farleg avfall og blir produsert med minst mogeleg utslepp av farlege stoff og klimagassar. Svane- og Blomemerkea produkt tilfredsstiller også strengje krav til funksjonalitet.
Ikkje alle produkt har krav om at opplysninger om innhaldet av helse- og miljøfarlege stoff skal angis på emballasjen, men du har krav på å få slike opplysninger om du spør forhandlaren, importøren eller produsenten.