Klifs kontrollørar har avdekt sal av to typar tusjpennar til barn, som er ulovlege å omsetje fordi dei inneheld løysemiddelet benzen. Tusjane bør leverast tilbake i butikkane. Det er også funne ein fotobok for barn med eit skadeleg stoff.
Tusjpennar med benzen
Det er snakk om 17 000 pakkar tusjpennar merkte ”Jippi” selde hos Nille, og 1200 pakkar av typen ”Hello Kitty” selde av Brio, Ringo og Extra Leker.
Foreldre treng ikkje engste seg om dei har tusjane heime, sjølv om barna skulle ha ete på pennane eller teikna på huda. Mengda benzen i produkta er såpass låg at det er usannsynleg at barn blir sjuke.
Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har likevel pålagt stans i omsetninga fordi benzen er forbode i leiketøy. Dette fordi større mengder av stoffet eller gjenteken eksponering over tid kan vere helseskadeleg.
Fotobok frå Kongeparken
Kontrollørar frå Klif har også funne ein fotobok til små barn, som inneheld to typar mjukgjerarar (ftalat), som er forbodne i leiketøy og småbarnsprodukt.
Fotoboka er seld i 460 eksemplar i Kongeparken i Ålgård.
Fjerna frå butikkane
Klif har pålagt stans i omsetninga av tusjpennane og fotoboka, og produkta er fjerna frå butikkane. Seljarane er også pålagde å informere kundar gjennom oppslag i butikkane.
Klif oppmodar kundar om å returnere produkta og be om å få pengane tilbake eller tilgodelapp.
Sist oppdatert 14.12.2011