Avdekte sal av ulovlege kjemikal

Botnstoff med forbode stoff og dispenser for desinfeksjonsmiddel til boblebad som kan forvekslast med leike. Foto: Klima- og forurensningsdirektoratet
Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) har avdekt lovbrot hos ei rekkje forhandlarar som sel biocid, det vil seie kjemikal som rottegift, insektmiddel, botnstoff til båtar og desinfeksjonsmiddel.
I ein landsdekkjande kontrollaksjon har Klif i løpet av våren besøkt rundt 80 butikkar som apotek, sportsbutikkar, hagesentra, byggjevarehus, båt- og landbruksforretningar, dyrebutikkar og leikebutikkar.
I 65 av butikkane blei det til saman avdekt rundt 300 kjemikal som Klif vil følgje opp nærmare med omsyn til mogeleg ulovleg marknadsføring, feil faremerking og emballering, og om dei er registrerte og tillatne for sal.
Klif avdekte også sju biocidprodukt og to andre kjemikal som det ikkje er ulovleg å omsetje og bruke, og som umiddelbart blei fjerna frå butikkhyllene.
Sist oppdatert 02.05.2011