Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Endeleg svanemerkte leiker

Foto: Dantoy

Foto: Dantoy

 

No finn du Svanemerket også i leikebutikken – i fyrste omgang på plastleiker frå Dantoy.

Plast kan innhalde litt av kvart av kjemikal, blant anna ftalater og bisfenol A – stoff som som kan verke hormonforstyrrande og vere skadelege for helsa til barna. Svanemerkte plastleiker er eit trygt val – utan miljøgifter.

– Eg er utruleg glad for at norske forbrukarar no får sjansen til å gjere gode miljøval også i leikebutikken, seier Alvhild Hedstein, direktør i Miljømerking.

Det er den danske leiketysprodusenten Dantoy som no har fått Svanemerket på sand- og vassleikety, kjøkkenutstyr (koppestell) og byggjeklossar av plast. Leikene er produserte i Danmark.

I Noreg blir Dantoy forhandla av:

  • Br-leker
  • Toys R Us
  • Yes
  • Extra-Leker
  • Europris
  • Enkelte Brio-butikkar
  • Ringo Pytt & panne

Les meir hos Miljømerking

Sist oppdatert 23.11.2010

Kommenter gjerne denne artikkelen
 
(e-post vil ikke vises i kommentaren)    
 

Kontrollspørsmål

Hvor mange timer er det i et døgn?

For å unngå maskinstyrt misbruk, ber vi deg oppgi et tall (ikke bokstaver) som svar på spørsmålet.