Å få i seg ein slurk tennvæske, kan vere svært farleg og i verste fall føre til alvorleg skade på lungene. Oppbevar alltid tennvæske utilgjengeleg for barn – også mens du grillar.
Tennvæske inneheld ingen av verstingstoffa, men er eit såkalla petroleumsdestilat og kan derfor vere svært farleg.
Giftinformasjonen
Giftinformasjonen gir deg hjelp og råd ved akutte forgiftingar og forgiftingsfare. Dei fortel deg kva som er giftig, kva symptom ein får og kva behandling som er nødvendig.
Inntak av tennvæske
Får ein i seg berre ei lita mengd tennvæske, kan det gi alvorlege og varige skadar på lungene.
Dersom du har fått i deg ein slurk av tennvæske, skal du ete eller drikke noko som er feitthaldig (for eksempel tran, matolje eller mjuk fløyteiskrem). Du skal ikkje prøve å kaste opp.
Dersom du får symptom som hoste, tungt for å puste eller blir sløv, skal du straks til sjukehus.
Tennvæske i auga
Tennvæske kan også irritere auga. Dersom du har fått tennvæske i auga, skal du straks skylje dei med rennande, lunke vatn. Ved vedvarande ubehag, skal du kontakte lege.
Tennvæske på huden
Kortvarig kontakt med tennvæske på huda, fører sjeldan til skade, men langvarig kontakt kan gi utslett og blærer. Dersom du har sølt tennvæske på huda, bør du skylje og vaske deg godt.
Farleg avfall
Tennvæske skal sorterast som farleg avfall. Det er forskjellige ordningar for mottak av farleg avfall frå kommune til kommune.
Her kan du sjå korleis du kastar tennvæske i din kommune.
Les meir:
Sist oppdatert 07.06.2011