Mobilen inneheld stoff som du ikkje vil ha på matfatet ditt i neste omgang.
Leverer du elektriske og elektroniske duppedittar inn til avfallsbehandling, blir dei farlege stoffa teken hand om slik at dei ikkje hamnar i naturen. Dette kan du gjere gratis hos forhandlarar av denne typen produkt eller på kommunale mottak. Då vil dei farlege stoffa bli behandla på ein forsvarleg måte, og ulike delar av mobilen kan gjenvinnast.
Farlege stoff i mobilar
Mange tenkjer kanskje at det er batteria som inneheld farlege stoff, men det er ikkje heile sanninga. Det finst også helse- og miljøskadelege stoff i kretskorta, skjermen og dekselet.
– Dette gjeld heller ikkje berre mobiltelefonar, men all småelektronikk, som datamaskiner, MP3-spelarar, elektriske og elektroniske leiker og liknande, seier rådgivar Ole Thomas Thommesen i Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif).
– I dag blir det berre brukt litiumbatteri i mobiltelefonar. Men dersom du må skifte batteri undervegs, skal du levere det inn same stad som der du ville levert den gamle mobilen din, seier Thommesen.
Korleis kvittar du deg med mobilen?
- Mobiltelefonar, MP3-spelarar, IPOD-er og annan småelektronikk er EE-avfall (elektrisk og elektronisk avfall).
- Dette skal ikkje kastast i restavfallet.
- EE-avfall kan du levere gratis til forhandlarar – sjølv om du ikkje har kjøpt produktet der.
- Du kan også levere det på kommunale mottak/miljøstasjonar.
Det er ulike ordningar for mottak av EE -avfall i dei forskjellige kommunane. På Erdetfarlig.no. finn du meir informasjon om ordninga i din kommune.
Eigne mottaksordningar
Farleg avfall blir gjerne definert som avfall som ved feil handtering skaper forureining og skader naturen, dyr eller menneske. Derfor er det viktig at det blir levert inn på riktig måte. Kjem det på avvegar, kan det ha skumle langtidsverknader fordi skadelege stoff hamnar i naturen og blir teke opp i næringskjeda via jordsmonnet, vatnet eller lufta. I verste fall kan det føre til akutt skade eller forgifting – og særleg er livet i vatn utsett.
– Elektriske og elektroniske produkt er i seg sjølv ikkje farleg avfall, men inneheld komponentar som kan vere det. Derfor er det eigne mottaksordningar for elektrisk og elektronisk avfall, EE-avfall, seier Thommesen. Det finst inga felles merking for farleg avfall, men på elektriske og elektroniske produkt vil du ofte finne ei søppelbytte med eit kryss over som betyr at dei ikkje skal kastast i restavfallet, men bli levert inn som EE-avfall.
Nytt liv
– Mobilar, batteri og annan småelektronikk, kva skjer når det blir levert inn?
– Det som inneheld farlege stoff, og som ikkje kan brukast på nytt, blir destruert. Kretskort blir sendt til smelteverk som tek vare på gullet og andre stoffar, som neodym og disposium. Metalla blir tekne vare på og blir igjen brukt i liknande apparat, seier Ole Thomas Thommesen i Klif.
Les meir:
Sist oppdatert 23.11.2011