Myndigheitene finn jamleg produkt både i Noreg og andre land, som inneheld ulovlege mengder farlege stoff.
Her får du oversikten:
Rapex er heimla i EU sitt generelle produktsikkerheitsdirektiv (2001/95/EEC) og er ein del av EØS-avtalen.
Rapex (Rapid Exchange of Information) er eit EU-system for hurtig utveksling av meldingar om farlege forbrukarprodukt. Systemet omfattar alle forbrukarprodukt, bortsedd frå lækjemiddel og næringsmiddel som har eigne meldesystem.
Slik fungerer Rapex-systemet
Når eit land i EU/EØS oppdagar eit farleg produkt, sender det melding om dette til EU, som distribuerer meldinga vidare til dei andre EU-landa.
I Noreg mottek Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) alle meldingar frå EU og distribuerer desse vidare til dei aktuelle fagetatane: Mattilsynet, Arbeidstilsynet, Vegdirektoratet, Statens strålevern og Klima- og forureiningsdirektoratet (tidlegare Statens forureiningstilsyn).
Klima- og forureiningsdirektoratet sitt ansvarsområde
Klima- og forureiningsdirektoratet mottek meldingar som gjeld helsefare og støy ved forbrukarprodukt og leiker. Produkt som kan vere aktuelle i Noreg, blir publiserte på nettsidene til Klima- og forureiningsdirektoratet om farlege produkt og leiker.
Dersom Klima- og forureiningsdirektoratet får tilbakemelding om at eit produkt har vore selt på det norske marknaden, tek direktoratet kontakt med importør/butikk og undersøkjer saka. Aktuelle reaksjonar frå Klima- og forureiningsdirektoratet er at verksemda må stanse salet og distribuere informasjon til kundane, for eksempel sin via oppslag i butikken, på nettsidene sine og via annonsar i dagspressa.
Finn farlege produkt:
Sist oppdatert 26.10.2009