Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Skitt blyfri jakt!

Gordonsetter klar for småviltjakt på Grønsenknippa i Valdres. Foto: Pål Rud-Knudsen

Gordonsetter klar for småviltjakt på Grønsenknippa i Valdres. Foto: Pål Rud-Knudsen

 

Laurdag 10. september startar småviltjakta. Mange av dei 90 000 jegerane som skal ut og prøve lukka, har allereie klargjort hagle og ammunisjon. Klif ber dei hugse på at blyhagl er forbode.

Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) minner om at forbodet mot produksjon, import, eksport, omsetning og bruk av blyhagl som blei innførd i 2005, framleis gjeld.

Bly er eit giftig tungmetall, og det er ikkje lov å bruke eller omsetje blyhagl i Noreg. Det er heller ikkje tillate å ta med blyhagl over landegrensa til personleg bruk, verken inn eller ut av landet, seier avdelingsdirektør Marit Kjeldby i Klif.

 

Blyhagl som spreier seg i naturen, kan bli ete av fuglar og andre dyr som dermed blir forgifta. Det er også fare for blyforgifting for menneske som et vilt som er skote med blyhagl.

Sist oppdatert 08.09.2011

Kommenter gjerne denne artikkelen
 
(e-post vil ikke vises i kommentaren)    
 

Kontrollspørsmål

Hvor mye er 13 + 3?

For å unngå maskinstyrt misbruk, ber vi deg oppgi et tall (ikke bokstaver) som svar på spørsmålet.