Statens institutt for forbruksforsking (Sifo) har testa bleier på oppdrag frå Foreldre og Barn. Dei to Svanemerkte bleiene i testen, fekk begge terningkast seks.
Dei to bleiene er Coop Soft and Dry og Remas billigbleie Landlord. I tillegg er bleiene blant dei billigaste på marknaden.
Den tredje bleia som fekk seks poeng, var Pampers Active fit.
Det var sju ulike bleier med i testen. Bleiene blei testa av ein gjeng småbarnsforeldre i tillegg til Sifo. Grøn Kvardag medverka med miljøvurderinga.
Eitt barn bruker i snitt omkring 6000 bleier i løpet av ein bleieperiode. Ved å velje miljømerkte – og dessutan billege – bleier, vil du kunne spare både miljø og lommebok.
Les meir:
Sist oppdatert 13.09.2010