Det er koseleg å tenne stearinlys i mørketida. Med svanemerka lys unngår du både skadelege stoff i osen og utslepp av klimagassar.
Ofte er det lys av typen kronelys eller kubbelys som er svanemerka. Dei er laga av minst 90 prosent fornybar råvare, for eksempel stearin, og gir ikkje auka klimagassutslepp når dei brenn.
Det finst til saman 27 svanemerka stearinlys på marknaden. Miljømerking fortel at du kan finne dei både i vanlege daglegvarebutikkar, på Clas Ohlsson, Åhlens og Baker Hansen (i alle fall i Oslo).
Slepp å puste inn farlege stoff
Stearinlys kan innehalde verstingstoff som muskxylener og bly. Muskxylener er luktstoff som ein kan finne i duftlys. Bly kan ein finne i vekene i stearinlys som er importerte. Svanemerka stearinlys inneheld ingen slike stoff slik at du unngår å få dei i deg gjennom osen frå lyset.
Klimatiltak
Mange andre ”stearinlys” er laga av parafin og andre oljeprodukt. Derfor fører dei til CO2-utslepp når dei brenn.
I 2010 importerte vi heile 25 500 tonn stearinlys til Noreg. Dersom alle i Noreg brukte svanemerka lys, ville det kutta klimagassutsleppa like mykje som å fjerne meir enn 21 000 bilar frå vegane.
Les meir:
Sist oppdatert 02.01.2012