Stadig fleire produkt med sølv blir marknadsførde med ord som anti-odør, antibakteriell og bakteriedrepande. Men utstrekt bruk av sølv kan føre til resistente bakteriar.
Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) meiner at bruken av sølv i tekstilar bør stoppast.
Unødvendig
Sølv blir brukt i sportsklede og ei rekkje andre produkt for å hindre lukt og bakteriar. Men i mange av desse produkta er dette heilt unødvendig. Resultatet kan bli skadar på miljøet og resistente bakteriar. Dessutan er sølv giftig for livet i vatn.
Viktig i helsestellet
Sølv blir i dag brukt av helsestellet ved behandling av skadar og sjukdomar; blant anna ved brannskadar for å at det ikkje skal bli infeksjonar i såra. Det er svært viktig at stoffa berre blir brukte der dei er høgst nødvendige – for å bevare dei bakteriedrepande eigenskapane.
Sist oppdatert 01.12.2010