Mange nordmenn reiser sørover til strandliv og bading i ferien. Ver obs på at badeleikene du kjøper i utlandet, kan innehalde farlege stoff.
Ei tysk undersøking frå i fjor viser at kvart tredje badedyr som blei kjøpt på stranda i populære feriestadar blant anna i Italia og Frankrike, inneheldt helse- og miljøskadelege ftalat.
Sjansen for å kjøpe badeleiker som inneheld ftalat og andre skadelege stoff, er størst om du handlar av gate- eller strandseljarar. Her har myndigheitene lita oversikt, og det er større moglegheit for at dei inneheld farlege stoff og at dei er av dårleg kvalitet.
Uroleg for langtidseffektane
Det er fyrst og fremst når barna syg og tygg på leikene, at dei kan få i seg desse stoffa. I tillegg kan stoffa ende opp i miljøet når leikene endar som avfall.
Råd når du skal kjøpe badeleiker
- Ikkje kjøp leiker som luktar sterkt av kjemikal eller parfyme.
- Unngå å kjøpe leiker av gate- eller strandseljarar.
- Sjekk at leiken er CE-merkt. CE-merket er inga godkjenning, men er produsenten sin garanti for at leiken overheld EU sine krav. Alle leiker skal vere CE-merkte.
Det er likevel ingen akutt risiko for helseskade ved å tyggje på eit produkt som inneheld ftalat. Det er risikoen for langtidseffektar på helse og miljø knytte til desse stoffa, som er alvorleg. Derfor er det viktig å unngå ftalat i produkt til små barn.
Forbode i produkt til små barn
Det finst mange ulike typar ftalat. Tre typar er forbode i alle leiker, mens tre andre er regulerte i leikety og småbarnsprodukt som det er mogeleg for barn å suge eller tyggje på. Regelverket er felles i heile EU.
Kontroller som Klima- og forureiningsdirektoratet har gjennomført dei siste åra, viser at forhandlarar og importørar i Noreg har arbeidt godt for å fjerne leiker med ftalat på den norske marknaden.
Ftalat
- Ftalat blir brukt som mjukgjerar i plast, særleg PVC.
Enkelte av desse stoffa er klassifisert som hormonforstyrrande og reproduksjonsskadelege (kan skade evna til å få barn).
Ftalatet DEHP kan også føre til skadar på fosteret og er påvist i morsmjølk.
Det blir forska på om det er ein samanheng mellom eksponering for ftalat i husstøv og astma/allergi.
Les meir:
Sist oppdatert 16.06.2011