Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Miljømerking

Stiftelsen Miljømerking har kontrollert produkta – du kan sjå etter merka. Svana og Blomen er dei to offisielle miljømerka i Noreg.

Svana (Svanen) er det offisielle nordiske miljømerket, og det mest utbreidde og best kjende merket i Noreg. Det blei oppretta av Nordisk Ministerråd i 1989.

 Blomen (Blomsten) er EU sitt miljømerke og eit tilsvarande miljømerke som Svana, men finst på færre område og produkt enn Svana.  

NB: Listene med svane- og blomstmerkte produkt på produktsidene på denne nettstaden, inneheld dessverre ikkje dei blomstenmerkte produkta som har fått lisensen sin i utlandet.

Kva er Miljømerking?

Stiftelsen Miljømerking er ein offentleg stiftelse som forvaltar dei to offisielle miljømerka i Noreg – den nordiske Svana og den europeiske Blomen.

Merka gir deg høve til å velje produkt og tenester som har gjennomgått ei objektiv miljøvurdering.

I tillegg til forbrukarprodukta du finn på Erdetfarlig.no, finst det både miljømerkte produkt til profesjonell bruk og miljømerkte tenester.

Du kan velje mellom fleire tusen miljømerkte produkt.

Kvifor er miljømerking viktig?

Miljøproblema skuldast produksjon og forbruk. Miljømerka er ein reiskap som gjer det mogeleg for alle å velje dei beste varene og tenestene.

Dermed blir miljøbelastninga redusert, og produsentane blir stimulert til å lage stadig betre produkt.

Miljømerking stiller krav på ei rekkje forskjellige område (råvarer, produksjon, avfall, energi og emballasje) – ut frå det ein gjerne kallar eit livsløpsperspektiv, blant anna:

  • strenge krav til kjemikal
  • berekraftig skogbruk
  • lågt energiforbruk – mindre klimapåverknad
  • kvalitet og brukseigenskapar
  • avfall

Korleis bli miljømerkt?

For å få Svana eller Blomen, må produsenten leggje fram prov for at alle krava er oppfylte.

Det blir kravt fullstendige deklarasjonar av alle innhaldsstoff og testar frå uavhengige laboratorium. Miljømerking utfører kontroll hos alle produsentar før merket blir tildelt og også etter at produkta er godkjent.

Merkinga gjeld berre for tre til fem år, deretter må produkta oppfylle nye og strengare krav.

Andre merke

Det finst eit utall miljømerke – og merke som ofte oppfattast som miljømerke – på den norske marknaden.

[Error: Unable to find the property named 'ContentAreaLowUiImpact2'.]