Sko blir produserte av ulike material. Mest vanleg er lêr, tekstilar og lêrimitasjonar (basert på plast og anna). Desse kan innehalde mange verstingstoff.
Krom blir ofte brukt ved produksjon av lêr (under farging og andre prosessar), men andre metall som for eksempel bly og arsen, kan også finnast i små mengder i lêr. Ein kan finne perfluorerte stoff (blant anna PFOA) når lêret er impregnert.
Tekstilar kan også innehalde PFOA frå impregnering. I plasttrykk, lêrimitasjonar, plastforsterkningar og skosolar blir det ofte brukt mjuk PVC som kan innhalde verstingstoffet ftalat (DEHP). Mjuk plast og gummi kan òg innehalde PAH.
Både sko og solar, spesielt til sportssko, kan innehalde verstingstoffet triklosan eller sølv for å redusere lukt. Da er produkta gjerne markedsførte som til dømes antibakterielle eller antiodør. Både sølv og triklosan kan føre til resistente bakteriar. Dessutan viser det seg at bakteriehemmande middel i praksis har liten effekt på lukt. Unngå derfor å kjøpe slike produkt.
Svana, Blomen og GOTS
Svane- og blomemerka sko tek omsyn både til helse og miljø ved at dei inneheld minst mogeleg helse- og miljøskadelege stoff – deriblant allergifremkallande stoff, gir mindre farleg avfall og blir produsert med minst mogeleg utslepp til av farlege stoff og klimagassar. Svane- og Blomemerka produkt tilfredsstiller også strengje krav til funksjonalitet.
Sko som er merket med GOTS (Global Organic Textile Standard) består av økologiske fibre, og det stilles også strenge krav til hvilke kjemiske stoffer som kan benyttes under framstillingen. GOTS-merket er det nærmeste man kommer en verdensstandard for økologiske tekstiler.