Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Leketøy

Lekeapparater (utendørs)

Foto: Klima- og forurensningsdirektoratet

Foto: Klima- og forurensningsdirektoratet

 

Med utandørs leikeapparat meiner vi for eksempel klatrestativ, vippar og leikeseksjonar som står ute heile året. Slike leikeapparat kan innehalde verstingstoffa nonylfenolar, ftalat, arsen, bly og krom.

Stoffa vil i liten grad leke ut under bruk, men kan sleppe ut i miljøet ved produksjon eller dersom ikkje produktet blir levert til forsvarleg avfallsbehandling etter bruk.

Allergiframkallande stoff

I tillegg til verstingstoffa, kan ein finne det allergifremkallande stoffet formaldehyd i enkelte av platene som produkta er laga av.

Svana og Blomen

Svane- og Blomemerka leikeapparat tek omsyn både til helse og miljø ved at dei inneheld minst mogeleg helse- og miljøskadelege stoff, gir mindre farleg avfall og blir produserte med minst mogeleg utslepp av farlege stoff og klimagassar. Svane- og Blomemerka produkt tilfredsstiller også strengje krav til funksjonalitet.

Lekeapparater

 

 

Andre som skriver om dette:

Spør om innhaldet i produkta

Ikkje alle produkt har krav om at opplysninger om innhaldet av helse- og miljøfarlege stoff skal angis på emballasjen, men du har krav på å få slike opplysninger om du spør forhandlaren, importøren eller produsenten.