Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Om oss

Erdetfarlig.no er eit samarbeid mellom Klima- og forureiningsdirektoratet, Mattilsynet, Miljømerking, Forbrukerrådet og Grøn Kvardag. Redaktøransvaret ligg hos Klima- og forureiningsdirektoratet.

Klima- og forureiningsdirektoratet

Klima- og forureiningsdirektoratet (tidlegare Statens forureiningstilsyn) er eit direktorat under Miljøverndepartementet. Direktoratet iverkset forureiningspolitikken og er vegvisar, vaktar og forvaltar for eit betre miljø, og arbeider mellom anna for å:

  • redusere spreiing av helse- og miljøfarlege stoff
  • auke gjenvinninga og redusere utsleppa frå avfall

Redaktør: Kristin Kinck Rannem

Mattilsynet

Mattilsynet er underlagt tre departement: Landbruks- og matdepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet. Det er Mattilsynet som fører tilsyn med kosmetikk og kroppspleieprodukt, og med omsetning av legemiddel utanom apotek.

 

Miljømerking

Stiftelsen Miljømerking er ein statleg stiftelse som forvaltar dei to offisielle miljømerka i Noreg: det nordiske svanemerket og den europeiske blomen. Merka gir deg høve til å velje produkt og tenester som har gjennomgått ei objektiv miljøvurdering.

 

 

Bidragsytere:

Forbrukarrådet

Forbrukarrådet er ein interesseorganisasjon for alle forbrukarar av varer og tenester i Noreg. Forbrukarrådet skal arbeide for auka forbrukarmedverknad i samfunnet, bidra til ei forbrukarvennleg utvikling og fremje tiltak som kan betre forbrukarane si stilling.

Grøn Kvardag

Grøn Kvardag er eit nettverk av enkeltpersonar, grupper og organisasjonar. Grøn Kvardag har eit breitt tilbod til folk som vil ta miljøomsyn i dagleglivet. Dei tilbyr miljøtips på nett, telefon og papir, og skreddarsydde reiskapar og metodar for alt frå privatpersonar til bedrifter.

Kommenter gjerne denne artikkelen
 
(e-post vil ikke vises i kommentaren)    
 

Kontrollspørsmål

hvor mange dager er det i en uke?

For å unngå maskinstyrt misbruk, ber vi deg oppgi et tall (ikke bokstaver) som svar på spørsmålet.    

Kontakt oss

Velkommen til å stille oss spørsmål om produktet ditt eller andre ting du lurer på.