Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Klær, sko og tekstiler

Sko

Foto: John Petter Reinertsen

Foto: John Petter Reinertsen

 
Sko blir produserte av ulike material. Mest vanleg er lêr, tekstilar og lêrimitasjonar (basert på plast og anna). Desse kan innehalde mange verstingstoff.

Lêr kan innehalde verstingstoffet krom som ofte blir brukt ved behandling (garving) av skinn, men andre metall som for eksempel bly og arsen, kan òg finnast i små mengder i lêr. Allergi for krom kan oppstå ved hudkontakt med lêr. Ein kan òg finne perfluorerte sambindingar (som PFOA og PFOS) og klorparafin som blir /blei brukte i behandlinga.

I tillegg til verstingstoffa, kan ein finne restar av ulike typer insekt- og råtehindrande middel i lêrvarer. Eit eksempel er dimetylfumarat (DMFu) som nylig ble forbode. DMFu kan blant annet gi kraftige allergiske reaksjoner.

Tekstilar kan også innehalde PFOA frå impregnering. I plasttrykk, lêrimitasjonar, plastforsterkningar og skosolar blir det ofte brukt mjuk PVC som kan innhalde plastmjuknarar som ftalat (DEHP) og klorparafin. Mjuk plast og gummi kan òg innehalde PAH.

Unngå antiodør

Både sko og solar, spesielt til sportssko, kan innehalde verstingstoffet triklosan eller sølv for å redusere lukt. Da er produkta gjerne markedsførte som til dømes antibakterielle, "sanitized" eller antiodør. Både sølv og triklosan kan føre til resistente bakteriar. Dessutan viser det seg at bakteriehemmande middel i praksis har liten effekt på lukt. Unngå derfor å kjøpe slike produkt.

Svana, Blomen og GOTS

Svane- og blomemerka sko tek omsyn både til helse og miljø ved at dei inneheld minst mogeleg helse- og miljøskadelege stoff – deriblant allergifremkallande stoff, gir mindre farleg avfall og blir produsert med minst mogeleg utslepp til av farlege stoff og klimagassar. Svane- og blomemerka produkt tilfredsstiller også strengje krav til funksjonalitet.

Sko som er merket med GOTS (Global Organic Textile Standard) består av økologiske fibre, og det stilles også strenge krav til hvilke kjemiske stoffer som kan benyttes under framstillingen. GOTS-merket er det nærmeste man kommer en verdensstandard for økologiske tekstiler. 

Sko

Andre som skriver om dette:

Spør om innhaldet i produkta

Ikkje alle produkt har krav om at opplysninger om innhaldet av helse- og miljøfarlege stoff skal angis på emballasjen, men du har krav på å få slike opplysninger om du spør forhandlaren, importøren eller produsenten. Vi har laga ein brevmal slik at du enkelt kan ta kontakt med dei.