Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Leketøy

Lekeapparater (utendørs)

Foto: Kristin Kinck Rannem

Foto: Kristin Kinck Rannem

 
Med utandørs leikeapparat meiner vi for eksempel klatrestativ, vippar og leikeseksjonar som står ute heile året, og dessutan større utandørsleiker som til dømes syklar. Slike leiker kan innehalde ulike verstingstoff og andre problematiske stoff.

Utandørs leikeapparat er ofte laga av trykkimpregnert tre. Trykkimpregnert tre som er produsert før 1. oktober 2002, kan innehalde arsen og krom. Tidlegare kunne leikeapparat også vere behandla med kreosot, men det er heller ikkje tillate i dag.

Gammal maling kan innehalde bly og nonylfenol. Stoffa er ikkje farlege for barna under vanleg leik, men dei kan sleppe ut i miljøet dersom ikkje produktet blir levert til forsvarleg avfallsbehandling etter bruk.

Fallunderlag og støytdempande matter

Produkt som er laga av gummigranulat frå bildekk, for eksempel fallunderlag og kunstgressbanar, kan innehalde verstingsstoffa DEHP og bly, men også stoff som sink. Undersøkingar viser at dei miljøfarlege stoffa som kan finnast i dekka, er godt bundne i gummiblandinga. Gummigranulat som er bundne saman i produktet og lagt på ei fast overflate, kan derfor trygt brukast i utandørs fallunderlag, på løpebanar og i støytdempande matter.

Når det kjem til spreiing av helse- og miljøskadelege stoff i miljøet, kan lause gummipartiklar i seg sjølv likevel vere eit problem når dei ikkje er bundne saman i produktet. Miljømyndigheitene jobber med å sjå på omfanget av dette og moglege tiltak.

Syklar

To- og trehjulssyklar, sparkesyklar og løpesyklar til små barn kan også innehalde helse- og miljøfarlege stoff. Mjuke plastdelar kan innehalde tungmetall og mjukgjerarar som ftalat og klorparafiner, sjøl om desse er forbodne i leiker. Mjuke plastleiker kan dessuten lekkje løysemiddel eller andre helseskadelege stoff. Klar hardplast kan innehalde verstingstoffet bisfenol A. Leiker med svart gummi eller svart lakk, kan innehalde PAH (polyaromatiske hydrokarboner).

Svana og Blomen

Svane- og blomemerka leikeapparat tek omsyn både til helse og miljø ved at dei inneheld minst mogeleg helse- og miljøskadelege stoff, gir mindre farleg avfall og blir produserte med minst mogeleg utslepp av farlege stoff og klimagassar. Svane- og blomemerka produkt tilfredsstiller også strengje krav til funksjonalitet.

Lekeapparater

Det finnes for tiden ikke svane- eller blomstmerkede produkter i denne kategorien. Men det kan finnes Blomstmerkede produkter som har fått lisensen sin i utlandet. Disse vil dessverre ikke komme opp i denne listen. 

Andre som skriver om dette:

Spør om innhaldet i produkta

Ikkje alle produkt har krav om at opplysninger om innhaldet av helse- og miljøfarlege stoff skal angis på emballasjen, men du har krav på å få slike opplysninger om du spør forhandlaren, importøren eller produsenten. Vi har laga ein brevmal slik at du enkelt kan ta kontakt med dei.