Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Bygging, oppussing og interiør

Lim

Foto: John Petter Reinertsen

Foto: John Petter Reinertsen

 
Lim kan innehalde helse- og miljøfarlege stoff. I tillegg til verstingstoff, kan ein også finne dei allergifremkallande stoffa formaldehyd og isocyanat, kreftframkallande asbest, og organiske løysemiddel (VOC).

Når organiske løysemiddel fordampar, kan dei føre til kroniske skadar på helse og miljø ved gjenteke bruk. For å unngå påverknad frå løysemiddel, bør du bruke lim utan eller med minst mogeleg løysemiddel når dette kan gjerast. Tokomponentlim (epoksylim) inneheld flest helse- og miljøfarlege stoff. Bruk andre alternativ der det er mogeleg.

Lim i ferdige produkt

Lim som du kjøper i butikken, inneheld vanlegvis færre verstingstoff enn tilsvarande produkt som blir brukte av profesjonelle. Men lim i ferdige produkt kan likevel innehalde verstingstoff som ikkje finst i limet du får kjøpt i butikken.

Svana og Blomen

Svane- og blomenmerka lim tek omsyn både til helse og miljø ved at det inneheld minst mogeleg helse- og miljøskadelege stoff, gir til mindre farleg avfall og blir produsert med minst mogeleg utslepp av farlege stoff og klimagassar. Svane- og blomenmerka produkt tilfredsstiller også strengje krav til funksjonalitet.

Lim

 

 

Faremerking av lim

Lim skal ha faremerker hvis produktet inneholder helse- og miljøskadelige stoffer.

Et produkt som er merket med Svanen eller Blomsten, kan også inneholde faremerker, men miljømerket forteller deg at  det likevel er det beste valget for helse og miljø.

Det er knyttet forskjellige advarselssetninger til de ulike faremerkene. Advarselssetningene forteller om hva du skal gjøre for å unngå skade på helse og/eller miljø.

Mer informasjon om enkeltprodukter finner du i Produktinformasjonsbanken (www.pib.no). Her finner du blant annet opplysninger om farlige stoffer i kjemiske produkter, faremerking, eventuell miljømerking og i endel tilfeller også sikkerhetsdatablad. Produktinformasjonsbanken er først og fremst beregnet på profesjonelle brukere.

Andre som skriver om dette:

Spør om innhaldet i produkta

Ikkje alle produkt har krav om at opplysninger om innhaldet av helse- og miljøfarlege stoff skal angis på emballasjen, men du har krav på å få slike opplysninger om du spør forhandlaren, importøren eller produsenten. Vi har laga ein brevmal slik at du enkelt kan ta kontakt med dei.

Akutt forgiftning

Ved akutt forgiftning, ta kontakt med Giftinformasjonen på

  • 22 59 13 00 (døgnåpen vakttelefon)
Se også Giftinformasjonens nettsider.

Unngå desse produkta

Myndigheitene finn jamleg produkt både i Noreg og andre land, som inneheld ulovlege mengder farlege stoff.