Gå direkte til innhold Gå direkte til hovedmeny

Småbarnsprodukter

Tekstiler

Foto: John Petter Reinertsen

Foto: John Petter Reinertsen

 
Tekstilar generelt lagast av mange forskjellige material, for eksempel silke, ull, polyester, viskose, bomull og lin, og kan innehalde fleire verstingstoff.

Barn er meir sårbare for påverknad frå kjemiske stoff enn vaksne. Dei små kroppane veks raskt, og mange organ er fremleis under utvikling. Barnehuda er tynnare enn vaksen hud, sartare og meir gjennomtrengeleg.

Derfor er det viktig å tenke på kva barnehuda er i direkte kontakt med – ikkje minst tekstilar som handklede, sengetøy, madrassar og klede.

Generelle råd når du skal kjøpe klede og andre tekstilar til barna:

  • Vel miljømerkte produkt der det er mogleg.
  • Vask kleda før bruk slik at du reduserer mengda av eventuelle helseskadelege stoff som er att i tøyet.
  • Unngå klede med lukt- og bakteriehemmande middel. 
  • Unngå å kjøpe klede med plasttrykk.

Her kan du lese meir om korleis du kan unngå helse- og miljøfarlege stoff og finne svanemerkte alternativ i

Andre som skriver om dette

Spør om innhaldet i produkta

Ikkje alle produkt har krav om at opplysninger om innhaldet av helse- og miljøfarlege stoff skal angis på emballasjen, men du har krav på å få slike opplysninger om du spør forhandlaren, importøren eller produsenten. Vi har laga ein brevmal slik at du enkelt kan ta kontakt med dei.